
Fotball 2025
Påmelding fotballsesongen 2025
Ein kan velje om ein ynskjer å betale eller jobbe dugnad for å dekkje treningsavgifta.
Dersom ein vil betale treningsavgift, må denne betalast ved påmelding, eller om ein vil betale treningsavgifta med dugnadsarbeid, blir ein kalla inn til inntektsbringande dugnad.
Dugnadsarbeid er ei viktig inntektskjelde for klubben, i tillegg til at det er ein triveleg sosial arena. Dugnadsånda er òg ein fin verdi å lære borna våre! Me håpar derfor at mange set seg opp på dugnad i staden for å betale treningsavgift.
Dersom ein skal på Norway Cup/ Langesund Cup, må spelarane på laga vera med på ekstra inntektsbringande dugnader, eventuelt betale ein eigenandel.
Dersom det er foreldre som tek klubbdommarkurs for dømming av 9-er fotball vil de få kr. 400,- i fråtrekk på treningsavgift eller 3 timar dugnadstimar pr. dømte kamp.
Dersom det er foreldre som vil gjere ein innsats som trenar eller lagleiar, treng ein ikkje jobbe dugnad eller betale treningsavgift for barnet som spelar på laget det gjeld.
Alle spelarar må vere medlem av Kviteseid IL. Om du ikkje allereie er medlem, kan du melde deg inn her: https://medlemskap.nif.no/23508